Til småbarnsforeldre og besteforeldre 👶🍼

Til småbarnsforeldre og besteforeldre 👶🍼

Ingen periode i livet er vel meir intens: Babykos, mating, stell, skift  og nattevåk! Dager og netter fylt av kjærleik, glede, stress og bekymring - alt i ein vill miks 💫

Ingen periode i livet er vel meir intens: Babykos, mating, stell, skift og nattevåk! Dager og netter fylt av kjærleik, glede, stress og bekymring - alt i ein vill miks 💫
Alt dette samt ein dose tørr og sår hud hud som kan klø og svi, noko som sjølvsagt er ukomfortabelt og ubehageleg for lille gullet.

Men, ikkje lett for foreldre å velge det beste og sunnaste til babyen sin, når kjente merker har babyprodukt som er parafin- og mineraloljebaserte, noko som får det til å briste i hjartet mitt 💔 Det skulle sjølvagt ALDRI I VERDEN på mine barn sin hud. Så då utvikla eg eit nærande og pleiande hudprodukt for babyer for 16 år sidan, så då trenger ikkje du bekymre deg for svie, sår hud, ELLER innhaldet i babyprodukt, for redningen er nær 🦸🏼 Vossabia Babysalve!

babysalve


Korleis beskytte og mjuke opp sensitiv babyhud

Babysalven utvikla eg i 2007 då dottera mi Ylva vart fødd, då ho var så sår og raud stadig vekk. Eg ville ikkje bruke noko av det som var på markedet, og utvikla dermed denne salven som har gleda mange småborn og foreldre sidan 💕 Den tek oftast bleieutslett og sårheit over natta.

Babysalve
Tilbud249,00 kr


Som sagt ville eg skape eit eige produkt for babyen min, og ikkje bruke det som var på markedet når eg såg at kjente merker bruker parafin i babyoljer og andre hudprodukt til baby 😱 !! Det er ei mineralolje produsert av råolje som har gått gjennom ei omfattande kjemisk og fysisk behandling. Oljen blir destillert i raffinerier, og ved ulike høge temperaturer oppnås ulike produkt: propan, bensin, fyringsolje, asfalt, osv. Forskjellige stoff blir laga av dette, for eksempel plast, løysemiddel, emulgatorer, smakstilsetninger, tekstiler OG BABYPRODUKT! 😰 Ja, du leste riktig!

Eg berre måtte skrive om dette i dag, då ei av mine tilsette hadde fått anbefalt ein baby-badeolje av helsestasjonen som eg sjekka innhaldet på 😖 Paraffinum liquidum (parafin), trilaureth-4 phosphate (emulgeringsmiddel). Den kommersielle babyoljen mange brukar eller har brukt kjem frå same kjelde som driver bilen din!

Mineraloljebaserte hudprodukt (som vaselin, eller altså babyolje med parafin) blir altså anbefalt av helsepersonell 🤨 fordi det skal beskytte tørr hud. Effektane av å påføre parafinolje og vaselin på huden er at dei har beskyttande eigenskapar på huden, men det store problemet er at det skjer i så stor grad at huden heilt lukker seg. Det skaper ein tynn membran på overflaten av huden, som blokkerer porene, forhindrar svetteproduksjon og hindrer huden i å produsere sitt eige fett.
Forestill deg at du permanent har halve kroppen innpakka i plastfolie: det er slik regelmessig bruk av hudpleieprodukt som inneheld mineraloljer påverkar huden din. Du kan heller ikkje berre vaske av mineralbaserte produkt frå huden din så lett, fordi dei fyller porene på same måte som plastpartiklar. Du kan samanlikne effekten med å prøve å vaske mineralbasert oljemaling frå hendene med berre såpe og vatn: det fungerer ikkje veldig bra.

⚠️ Det fins studier som knytter bruk og eksponering av mineralolje til kreft, og det finst studier som viser at mineraloljer er den største forurensingen i menneskekroppen 😷 Mineralolje er og funne i morsmelk, og kosmetikk er framheva som ei viktig kjelde til forurensing i morsmelka. Så mammaer❗- hvis du vil holde dei små trygge frå skadelege kjemikalier, ta ein kikk på badehylla!

🌱 Benytt deg heller av kraften frå Moder Jord og beskytt borna dine mot unødvendige kjemikalier ved å sjå etter naturlege alternativ. Planteoljer som økologisk tistelolje, kokosolje og jojobaolje er trygge for born, full av vitaminer og essensielle fettsyrer og kan enkelt erstatte kjøpte fuktighetskremer. I Vossabia Babysalve finn du sjølvsagt berre nøye utvalde økologiske planteoljer 🌿 kombinert med beskyttande bivoks 🐝 (som let huden puste og svette og halde på sin naturlege fukt og fettstoff, og som er fullstendig trygg for babyer) og mild eterisk lavendelolje 💜 som også kan ha beroligande effekt på barnet.

babysalve

babysalve

babysalve

Vossabia 💛 Kamillebalsam er også fantastisk på barn, saman med 🌼 Ringblomstsalve. Difor er dette trekløveret saman i Pakketilbod for småbarnsforeldre, då dei er perfekte frå nyfødd til unge og ungdom og vaksne.

gavepakke til smabarnsforeldregavepakke til smabarnsforeldre

Eg har jo hatt to rundar sjølv med bruk av Babysalve, med 12 års mellomrom! Først Ylva, og så Jonatan godguten. I barnehagen har dei til og med kommentert kor fin huden hans heile tida har vore, samanlikna med andre. Det er så godt å vite at dei dagleg i ca 3 år kvar fekk pleia den utsatte og sarte stumpen sin med dei beste og sunnaste ingrediensar frå naturen! 👍💖 Takka vere babysalven!

ylva og jonatan


Så heldig eg var som fekk ei slik gåve av ein attpåklatt! Men helledussen så tida går! No svømmer han crawl, stuper og klatrer i fjell med storebroren! 😂

Salva er forresten også flott å fortsette med under bleie-avvenning, og etter avvenning. Og bruk den gjerne andre stader enn stumpen og!

Dette er ein effektiv salve på såre stumper. Beskyttar og mjukar opp sart babyhud, og nøytraliserer ammoniakken i urinen som er det som gir svie, sårheit og utslett. Smør på rein hud etter kvart bleieskift, og opplev den gode førebyggande effekten også.

renate og jonatan

Visste du at? Babysalven sine mjukgjerande og lindrande eigenskaper gjer den også god for større born og vaksne, og den passar også fint som kuldesalve til dømes.

Eg håpar dette var nyttige tips og at du vil elske Babysalven vår like mykje som me gjer her i Vossabia 💚

Hausthelsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia