Kamillebalsam i minikrukke! 💛 Lanseringstilbod 20% på denne 20-åringen vår - for alle tre størrelsar!

Kamillebalsam i minikrukke! 💛 Lanseringstilbod 20% på denne 20-åringen vår - for alle tre størrelsar!

Endeleg! Kamillebalsam i liten krukke! 💛 Mange har venta på denne praktiske og supre størrelsen, perfekt til reise, trening og jobb- og skulesekk. Ha den med overalt, så kan du la huden bli omfavna av den fabelaktige og allsidige planten dagen lang! ✨ Og, me har no 20% rabatt på ALLE STØRRELSAR fram til og med søndag 10. mars, sidan det er 20-årsjubileum på Kamillebalsam! 🥳 Les meir og oppdag kvifor så mange diggar denne supersalven!


Kva er det med denne mjuke, deilige Kamillebalsamen som duftar friskt som nyslått gras?

Den har vore i dagleg bruk no i 20 år, og var eit av dei aller fyrste produkta eg utvikla. Eg ville ha ein naturleg, økologisk supersalve med masse kamille og mange bruksområde 🌱🌼💚 Og jammen har den fått glede og pleie mange opp gjennom desse to tiåra!

kamille

kamillebalsam

  
🌼
 
Kva brukar folk den til?
Kva brukar folk den til?
I tillegg er Kamillebalsam meget effektiv på all slags type kløe som insektsstikk, brennesle, vannkopper, elveblest, ved eksem og psoriasis og anna kløe! Prøv den og på svie, fotsopp, underlivssopp, betennelse, augekatarr, strekkmerker, hard hud, førebu underliv til fødsel, og faktisk mykje meir 💚
 
🙋‍♀️ I dag fekk me faktisk uventa sterkt behov for Kamillebalsam her i huset! Ylva ringte heim frå skulen fortvila over voldsom kløe! I går hadde dei isbading med klede og ski og sekk på Villmarkslinja der ho går. Ho hoppa uti to gonger, for sikkerhetsskuld 🤣 og etterpå begynte det å kome utslett. I dafg konkluderer urteheksemamman med at det er kuldeeksem som oppstod etter kraftig nedkjølt hud i isvatn og etterpå. Så då er det berre ein ting å gjere: smøre heile jenta inn med Kamillebalsam!
 
 
🌼
 
Kva seier nokon av kundane våre om herlege Kamillebalsam?
Kva seier nokon av kundane våre om herlege Kamillebalsam?
  
🌼
 
Korleis kan du bruke den fantastiske kamilleplanten i kvardagen din?
Korleis kan du bruke den fantastiske kamilleplanten i kvardagen din?
   
🌼
 
Nokon av dei mest rørande tilbakemeldinger me stadig får om Kamillebalsam er frå folk som har slitt med eksem og psoriasis gjennom mange år, som så får rask og god effekt ved bruk av 100% naturleg og økologisk Kamillebalsam! 🙌🥰 Og ikkje minst alle dei som sliter med tabubelagte og vanskelege hudplager i underlivet! Tenk at den lille og ganske så sarte kamilleblomen, saman med hamp og bivoks kan hjelpe folk både kjapt og effektivt! 🐝💛 For meg sjølv er den fast på nattbordet til å smøre føtter og hælar, på brystet som næring og beroligande godsak, og ikkje minst som handkrem om vinteren og spesielt etter hagearbeid som fliser opp fingrar og hender! Eg er i gang med jordarbeid og såing no, så då blir Kamillebalsam flittig brukt! 
kamillebalsam
kamillebalsam
🤩💛 Synes du og kamille er ein spennande plante, og gjerne vil lære litt meir om den? Les om saker eg har skrive om kamille her:
 

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia